• Hausten

    Startet av usynelige_vraket  13 dager siden

    Hausten er så mangt
    Folk klagar på at regnet høljar ned
    Med det er ikkje noko betra unnskyldning
    For å ha boka i handa og koppen med te

    Fargane er finast om hausten
    vinden som ular
    Regne som høljar
    Finnast ikkje ei betra årstid

    Sjølv om det er den finaste årstida
    Er det også den mørkaste
    Forandring frydar men alltid etter kvart
    Ofte vil ein ikkje det

    Forandringanes årstid
    Mørke startar å strekka seg fram
    Fargar som skildrar alle følelsane
    Sinne, frustrasjon og tårar som høljar ned som regne

    Depresjonar strekkar seg fram i hjernane på folka
    Alt visnar og døyr
    Det er litt som når noko forandrar seg i livet
    Ofte hatar du det og føler alt er borte

    Samtidig elskar man den
    Forandringa kan vera frykteleg først
    Etter ei stund startar det å lysna opp
    Dei vondast tankane er bak deg til neste forandring

    Eg elskar hausten
    For eg følar den er mest som livet
    Mørke kretsar rundt deg
    Det blir lysare

    Forandringar skjer
    Men oftast til det gode
    Det er ei spesiell skjønnheit i det mørke
    Som eg elskar